Hva leter du etter?

Randi Helene Førsund, "Magnus Berrføtt": Live fast, die out of town

Ingenting galt med "Alt for Norge", men eg tør meine at kong Magnus Berrføtts motto var hakket spenstigare.

- Kongar har ein til ære, ikkje til eit langt liv, siterer Snorre Sturlason han på, og Magnus Berrføtt (1073-1103) levde opp til namnet. Tretti år gammal døydde han i strid i Irland. Ærefullt og kort, med sverd i hand. Live fast, die out of town. Eller noko slikt.

Irland? Ja, Berrføtt er den siste norske kongen i historia som døydde i strid utanfor landegrensene, og namnet hans lever vidare på Nord-Irland. Der finst det ein eigen Magnus Berrføtt-festival, og to ølsortar oppkalla etter han (Barelegs Brew og Legbiter (etter kongens sverd, Leggbitt).

I farfar sine fotspor

Randi Helene Førsund har skrive biografien om kongen. Boka er - som dei andre bøkene i Spartacus/Sagabok sin serie - ein lettlest, men solid inngang til dei norske middelalderkongane. Førsund tek tydelege standpunkt til kjeldene, og har ein engasjert penn.

Klisjeen om haien ligg nær: Som haien må svømme for å halde seg i live, måtte middelalderkongane krige for å halde seg flytande og vise styrke.


Kven var Magnus Berrføtt? Faren var Olav Kyrre, som overlevde blodbadet ved Stamford bridge i 1066, då kong Harald Hardråde og store deler av det norske aristokratiet vart drepne. Kyrre heldt Noreg unna krig i si lange regjeringstid. Det smitta ikkje over til neste slektsledd. Magnus Berrføtt minna meir om farfaren Harald Hardråde (han som invaderte England), med store ambisjonar i Sverige og på dei britiske øyane.

Som haien

Eg har lese ein del av desse sagakongebøkene dei siste månadane, og klisjeen om haien ligg nær: Som haien må svømme for å halde seg i live, måtte middelalderkongane krige for å halde seg flytande og vise styrke. Fredelege Olav Kyrre er unntaket. I biografien om han fortel biograf Bjørn Bandlien om korleis danskekongen Harald Hen i samtida vart uthengd for å vere for fredeleg. Det skal ikkje vere lett.

Magnus Berrføtt levde eit kort og intenst liv. Sonen var ikkje dårlegare; han seilte Europa rundt med sverd i hand, frå Portugal til Middelhavet og Det heilage landet, vidare til Konstantinopel og heim att til Noreg. Han heitte Sigurd Jorsalfare, og Øystein Morten skreiv i 2014 ei strålande bok om kong Sigurd.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙