Hva leter du etter?

Sommarles på nynorsk

Vil du prøve deg på nynorskebarnebøker i sommar? Her finn du ei liste over gode nynorskbøker for 1.-7. klasse!

Faktabøker

Visste du att..? illustrert av Anna Fiske

Små kjekke faktabøker for store og små, med fakta om hest, katt og hund. Ein setning på kvart oppslag.

Supersterk – Superrask – Supersmart av Dan Höjer, illustrert av Per Demervall

I Supersterk møter vi Magnus, eit av dei sterkaste menneska i verda, og handbakmeisteren Heidi frå byen Ensamheten i Sverige. Men her er også greske boksarar, «sterke» sirkusmenn, gudar, barnevakter og små supersterke maurar.

Superrask er ei bok om det å være rask. Her møter vi raske fuglar, tog, menneske og planetar. Og ein får tenkt igjennom: Er det alltid best å vere rask? Boka har mange spennande og morosame fakta, og artige, fartsfylte illustrasjonar.

I Supersmart møter du historiske personar som er kjende for smarte oppfinningar og oppdagingar, mellom andre Albert Einstein, Marie Curie og Leonardo da Vinci. Men det finst også ulike måtar å vere smart på. Ein kan til dømes vere kjensle-smart, altså flink til å forstå korleis andre menneske tenkjer og føler.

Ørjans Keeperskole av Ørjan Nyland

Landslagskeeper og Bundesliga-proff Ørjan Håskjold Nyland frå Volda deler dei beste triksa, øvingane og si personlege historie med oss i denne keeperboka for unge fotballspelarar. Har du kjent sitringa når du står på målstreken og skal hindre mål? Veit du korleis du best skal varme opp før ein kamp? Har du høyrt om dem mestskårande spissen i historia? Lurer du på korleis du blir den aller beste keeperen? Dette og mange andre ting får du greie på om du les Ørjans keeperskole!

VAKEN? Av Erna Osland illustrert av Anna Fiske

VAKEN? Er ei faktabok om nattaktive dyr. I kvart kapittel er det ei lita forteljing om kvar ein kan finne dei enkelte dyra. Kvifor er desse dyra vakne når vi andre søv? Får dei ikkje sove? Eller kan dei vere vakne samtidig som dei søv?

Når det regnar i Afrika av Erna Osland, illustrert av Per Ragnar Møkleby

Korleis blir vêret til? Kvar kjem vindane frå? Kvifor får hagl racerfart, og kvifor i alle dagar regnar det? Dette er ei bok om vêr, men også ei bok om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han. For det kjem vel, om det ikkje er nokon som har stole det? Dette er forteljinga om Styrk, men også ei faktabok om meteorologi. I slutten av boka kan du lese om korleis vêret held på å endre seg her på kloten. Og du får vite kvar regnet i Afrika blei av!

Do: ei stinkande reise gjennom bæsjens historie av Pia Strømstad, Illustrert av Fly Hartberg

Mor di gjer det, far din gjer det, kongen, dronninga og presidenten i USA gjer det. Kva då? Går på do, vel! Gjennom alle tider og i alle situasjonar har folk måtta gå på do. Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg når du på bæsje på ein u-båt, i et jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon? Alt dette og mykje meir får du svar på i denne boka. Do er eit djupdykk ned i doens historie, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Og framover i tid også, for kvar skal vi eigentleg gjere av all bæsjen i framtida?

Under ein stein av Erna Osland, illustrert av Inger Lise Belsvik

Mange dyr likar seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei. Men så kjem du! Du løfter på ein stein og straks ser du dei: billene, edderkoppane og makkane. Erna Osland har laga ei fagbok om virvellause småkryp som mellom anna spretthale, saksedyr, løpebille og skrukketroll, tusenbein og skolopender.

Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten? Av Susie Hodge, illustert av Claire Goble

Med ein leiken, avslappa tone vil denne introduksjonen til kunsthistorie oppmuntre mange barn til å besøkje museum med meir sjølvtillit. Boka er engasjerande og informativ og spør kva som gjer kunst til kunst. Kva er det med all den frukta? Kvifor er kunst så rar no for tida? I boka er det spørsmål om korleis verda ser ut gjennom kunsten, frå bergkunst til kubisme, frå renessanse til samtidskunst. Det er spørsmål om kunstens rolle og verdi – før og no. Boka tek oss gjennom kunsthistoria på ein original måte og gir også barn og unge verktøy til å stille spørsmål, leite etter svar og «lese» kunst sjølve.

Humorboka av Terje Torkildsen

Har du humor? Liker du å få folk til å le? Dette er ei faktabok om humor. Her kan du lese om kva som får oss til å le. Boka handlar om humoristiske verkemidlar som overdriving, understatement, rollebyte og ironi i komiske sjangrar som parodi, standup, revy, kåseri og anna tull og tøys. Her finst det flust med «fun facts» og mange «not so fun facts». Denne boka er altså ganske nyttig, både for den som vil lære og den som vil le!

Verdas viktigaste bok av Nathalie Simonsson

Denne boka handlar om kjærleik, pubertet, seksualitet, kropp, utsjånad, vennskap og andre ting ein ikkje vågar å spørje om. Men dette er ikkje berre ei faktabok, den handlar også om sånne ting som ein berre kan vite sjølv. Korleis det kjennest inni deg, og kva som er bra for nettopp deg. Men mest av alt handlar boka om at ein skal ha det bra.

Brevet frå krigen av Ingunn Røyset

Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg. Det har no gått over 70 år sidan Noreg opplevde krig og okkupasjon på eiga jord. Brevet frå krigen let nye generasjonar bli kjende med denne dramatiske og avgjerande tida i norsk historie.

Stamceller kroppens superheltar av Øystein Runde

Når Øystein Runde teiknar og forteljar om stamceller, blir fagstoffet lett tilgjengeleg, lekande og humoristisk. Slik kan barn og unge (og vaksne) få kunnskap om et tema som mange ikkje kjenner særleg mykje til, men som vil bli veldig viktig i framtida. Fagkonsulent Cecilie Gjerde har oppnådd forbløffande resultat i si forsking på stamceller. Ho får oss til å forstå kva stamceller er og gir oss innblikk i forsøk som forforegår og på resultat, og kva vi kan vente oss framover. Vi får høyra om kinesiske forskarar som lagde ei ny mus av hud frå kinnet til ei annan mus og en slagrammet åttiåring som klarte å gå igjen etter å ha fått sprøytet stamceller rett i hjernen. No jobbar forskarar med forsøk på hjernedøde pasientar.

1.-2. klasse

Bo Flyttar ut av Trude Tjensvold

Katten Bo har det som plomma i egget, men så flyttar hunden inn og tek plassen hans i senga til matmor. Då er det ikkje anna å gjere enn å sjå seg om etter husrom ein annan plass. Gjennom å møte farane ute i verda, blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmor. Dette er ei forteljing om å føle seg oversett.

Gullfalken av Erna Osland

I desse eventyra er trolla bytte ut med stigane hav og manglande frisk luft. Vår tids Oskeladden er ny i landet, og heltane i alle desse eventyra er barn og ungdommar. Dei unge heltane vinn, fordi dei er omsorgsfulle, eller veit å verdsetje vennskap.

Ei kjedeleg bok av Vegard Markhus

Guten som er hovudperson synest at boka han er med i er kjedeleg. Han vil over i ei spennande bok. Ei med fargar i. Han klarar til slutt å rømme frå denne kjedelege boka, men då føler han seg så utanfor. Han vil inn igjen! Ei spennande metabok som tvinger fantasien i gang.

Politihunden Falk av Tone Nørvåg, illustrert av Odd Henning Skyllingstad

Ei lettlesen og spennande serie på tre bøker om politihunden Falk, som bur saman med politidama si, Hanne, og familien hennar.

I Politihunden Falk til teneste har Falk hatt opplæring i lang tid. Endeleg ha sin aller første dag på jobb, og han får bruk for alt han kan. Det har vore hærverk på skulen, og nokon har velta gravsteinar på kyrkjegarden. Kven står bak?

I Politihunden Falk på nattevakt gler Falk seg, men det første som skjer er at dei nesten køyrar på ein gut som er ute og syklar utan lykt. Dette blir byrjinga på ei lang natt, der Falk må slåst med ein innbrotstjuv og hjelpe Hanne i jakta på ein rømling.

I Politihunden Falk på farleg oppdrag må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg!

Leseland Samlagets Leseland er ein serie med underhaldande og engasjerande lettlestbøker med ei god forteljing i sentrum. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Papelina av Randi Fuglehaug og Jil Moursund

Papelina og familien må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier det er eit topphemmeleg eventyr! Det einaste Papelina får vite, er at dei skal til eit nydeleg fugleslott. Men reisa blir lang og slitsam. Og kvifor kan ikkje Papa Gøye slutte å tulle og fjase?

Himmelspringaren av Sissel Horndal

På ein gard, langt inne i ein fjord, blir det ein dag fødd eit lilla lam. Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Sjølv mora vender seg bort. Når dei andre dreg til fjells, må Lilla bli att heime saman med Gammelsauen. Men utpå sommaren får Gammelsauen likevel dra til fjells, kan hende for aller siste gong. Og Lilla får bli med.

Samir og den lange reisa av Kristan Fjellanger og Jenny Jordahl

Det er ikkje lenger trygt for Samir og familien hans å bu i Afghanistan, så dei må dra frå landet sitt. Dei legg ut på ei reise til Noreg for å spørje om dei kan få bu her. Dette er historia om Samir og det han opplever på vegen, og om korleis det er å kome til eit land det ein ikkje kjenner nokon.

3. - 4. klasse

Vaffelhjarte av Maria Parr

Trille og Lena Lid er to born på 9 år som bru i ei lita vik. Trille veit at Lena Lid er hans bestevenn, men han er ikkje sikker på om han er det same for Lena Lid. Uansett er dei to oppfinnsame niåringar, som lagar mykjeliv og vaffelrøre rundt seg. Det kan ofte gå over styr, og innimellom alt leven og latter fortel Trille om sine tankar. Her er det både alvor og sorg, og redsle for å miste dei han er glad i.

Natt på standa av Elena Ferrante

Mati har ei favorittdokke som heiter Calina. Ein dag Mati leikar på stranda får ho ein kattunge av faren sin. Ho blir så oppslukt av katten, at ho gløymer Celina. Celina blir etterlaten på stranda om natta, i selskap med trugande vesen som Bademeister Grusom og Store Rive med dei skumle tennene av jern. Etter nattas mange farar blir Celina uventa løfta opp frå sanden. Det er kattungen som har sprunge ut for å finne henne. Forteljinga er fortald av dokka Celina. Her er sterke, grunnleggjande kjensler som sjalusi, frukt og kjærleik.

Dumme, dumme hjarte av Linda Klakken

Kjærleiken er noko drit, synes Klara. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget – og kjem opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på då det byrjar ei ny jente i klassen. For Marie Lindkvist dansar ballett som om det står om liv og død. Ja, ho dansar som om det er hennar siste dans på jorda.

Ollis av Ingunn Thon

Heime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var. Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skolen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit?

Hanna & Emma av Bente Bratlund

Venninnene Hanna og Emma har det alltid kjekt i lag. Saman kan dei klare alt. To spennande kvardagsforteljingar i kvar bok, dette er ein serie på fem bøker.

Eg Spør! Første forteljing. Hanne er bestevenn med Emma. Dei to gjer alt i lag. Men så blir Emma saman med Kristoffer, og vil berre vere med han. Hanna vil også ha ein kjærast. Men korleis får ein det? Og kven vil ho ha? Ho tek for seg klasselista og legg ein plan…

Eg tør? Andre forteljing. Hanna og Emma er på klassetur. Kristoffer har slått opp med Emma og no må dei dele rom med den nye jenta hans. Slikt blir det bråk av, og Hanna må ordne opp. Så fint då, at hu får hjelp av Sjur…

Frøppeldunk av Berit Rødstøl

Kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane forsvinn, ein etter ein! Korleis i all verda kan det ha seg? Dette må Ea og ferievennen Lars finne ut av, og det før absolutt alle fargane er vekk og heile verda blir grå!

Tonje Glimmerdal av Maria Parr

Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel!

Hest, Hest Tiger Tiger av Mette Eike Neerlin

Honey er van med å klare det meste: Lage mat. Handle inn. Ta seg av søstera si. Og på skulen prøver ho å vere venn med alle. Men ho har eit problem, ho lyg. Det er nesten så ho ikkje kan kontrollere det. Og slik kjem ho ein dag til å ta ein buss ho slett ikkje skulle med – ein busstur som snur opp ned på kvardagen hennar.

5.-7 klasse

Keeperen og havet av Maria Parr

Lena Lid og Trille er blitt 12 år. Det er framleis mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og Farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene. For Lena Lid legg ein ny fotballtrenar mørke skyer over keeperlivet hennar. Trille, som bur i nabohuset, spekulerer på korleis han kan gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Farfar jaktar storfisken på havet, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han begynner å bli gammal. Men ein ting er sikkert, sjølv om alle flåtane ein bygger forliser, alle flaskepostane ein sender driv inn i fjøra heime og ingen bryr seg om det ein verkeleg kan, må ein i alle fall ikkje gi seg.

Bestem deg, Tony T, Bestem deg! Av Erna Osland, illusteret av Sigbjørn Lilleeng

Tony er på sommarferie hos bestefaren sin saman med kusina si, Silja. Alt skal vere som vanleg, men ingenting er det. Eit asylbarn er meldt sakna, og alle trur barnet er drukna. Men kva er det som går føre seg på loftet til bestefar? Og kven held kva skjult? Tony opplever for første gong sjølv å måtte finne ut kva som er rett og gale, og han må bokstavleg tala stupe uti. Dette er en illustrert roman med teikneserie innslag.

Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven

Dei trettini dikta i denne samlinga skildrar korleis det er å vere ung og levande, med både oppturar og nedturar og det å vere i livet. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og man får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung. Dobbeltsidige oppslag med ein illustrasjon forran kvar årstid.

Død eller levande av Lars Mæhle

Tvillingane Simon og Katrin han uvanlege evner. Dei kan sanse og fornemme meir enn andre. Dei kan sjå ting andre ikkje ser, høyre lydar andre aldri høyer og sande skuggane som glir i bakgrunnen. Særleg hos Simon er denne evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei og ber om hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom, og inn i Bekkedalen.

Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland

Kevin har flytta til Våg, men merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg, og kven er den tolvte spelaren?

Fly, Thea! Fly! Av Bente Bratlund

Thea er fosterbarn. Mora er for sjuk til å vere heime. Thea tenkjer at ingen ting i livet hennar varer, ho vil aldri høyre til i latteren og praten til fosterfamilien. Men Thea skal på målekurs, ho skal læra seg å skape noko vakkert. Ho har noko å gle seg til.

Svikta! Av Bente Bratlund

Pappa og mamma er skilt, men pappa har lova å sjå Iris opptre på skuleførestillinga. Ein dag seier han at han ikkje får det til likevel. Iris blir så skuffa at ho diktar ein hemn over pappa, men det går ikkje så bra som ho har tenkt.

Hundedagar av Anja Dahle Øverby

Hundedagar er eit fenomen som finner sted på seinsommaren. Ifølge gammal folketru er dette ein tid kor det er spesielt varmt, alt grums frå vatnet flyt opp, mat rånar, og hundar blir lettare galne. Det er på denne tida me møter Anne; ei jente midt mellom barndom og ungdom. Sommarens intense klamheit og nærvær pregar hennas relasjonar til venninner og familie.

Bestevennen Mariell dras mot den litt eldre Karianne. De to nye venninnene er mest opptatt av kvarandre, og held Anne utanfor. Hun er for ung til å gå på ungdomsklubb, og for rastlaus til å finne andre ting å gjære. Kan ho bli venner med Mariell igjen? Og kva er hun villig til å gjære for å få det til å skje?

Under av Sturla Bang og Hilde Kvalvaag

Barneheimsjenta Ela arbeider som alle andre jenter som slave i produksjonshallane i Zeijang-Volvo. Tyrannen Ingmor styrer alt og alle med jernhand. Verda slik vi kjenner ho er gått til grunne, organisk mat er ikkje å oppdrive, personleg fridom finst ikkje, og den som ikkje passer seg og gjer som ho er beden om, hamnar på blodtappingsbenken og kan ende med å måtte bøte med livet. Ein dag får Ela nok av undertrykkinga og manar til opprør. Det er farlegare enn ho anar, for Ingmor treng noko berre Ela har. Under er første bok i framtidstrilogien Søsteranarkistane.

1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk

Johanna og Georg har vore bestevenar heile livet. Men når dei kjem i same klasse på ungdomsskulen, og Georg fortel alle at kattane deira para seg i ferien, bestemmer Johanna seg for at ho må sette venskapen på pause. Ein pause som varer i 1000 dagar, til ungdomsskulen er ferdig. Ho kan ikkje risikere at dei andre i klassen trur ho er forelska i Georg. Han er ikkje kul nok.

1000 dager av Ingen Johanne Sæterbakk
Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙