Hva leter du etter?
Boka Litteratur i Andeby av Alf Kjetil Walgermo stående i en sofa

Denne boka triggar leselysta

Alf Kjetil Walgermos bok om litteraturen i Donald-universet er ei tjukk, analog hyperlenke som kjem til å sende deg ut i bokhyllene.

Donald Ducks posisjon er blitt noko svekka dei siste tiåra. Det er lenge sidan bladet selde 250 000 eksemplar kvar veke (Wikipedia), og omtrent like lenge sidan Disney-bolken på julaftan føremiddag var ei heilag TV-stund for alle barn.

Alf Kjetil Walgermo si ferske bok Litteratur i Andeby: Donald Duck og bøkene er ei tekstnær lesing av Donald-teikneseriane. Donald-hefta var fleire generasjonars inngang til magien i bokstavar, og Walgermo viser korleis Donald sjeldan berre var underhaldning. Donald-historiene leikar med klassikarane i litteraturen, og det skrivne ordet har ein sentral plass for innbyggjarane i Andeby.

Walgermo er ein entusiastisk og ekstremt kunnskapsrik los gjennom Andeby og litteraturen. Les boka med notatsaker for handa, for denne boka gjev deg ein stor haug med lesetips og fornya tru på krafta i litteraturen.

Lån på Sølvberget, sjå intervju

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙