Hva leter du etter?
Platecoveret til A child's Christmas in Wales med Dylan Thomas

Juleklassikaren: Et barns jul i Wales av Dylan Thomas

«Et barns jul i Wales» er ein nokså tilfeldig suksess.

Dylan Thomas las inn fleire av dikta sine for walisiske BBC under den andre verdskrigen. Produsenten hans tilbaud BBC i London å sende opptaka, men dei hadde ikkje sansen.

Frå radio til magasin til lydbok til bok

Thomas heldt fram med å lese inn tekstane sine på radio, utan at dei viktige folka vart imponert. I 1950 skreiv Thomas nokre av innlesingane om til ein lengre tekst.

Dette er den fyrste gongen tittelen «A child’s Christmas in Wales» vart brukt. Teksten sto på trykk i juleutgåva av magasinet Harper’s Bazaar i 1950.

Harper's bazaar desember 1950 magasin forside

To år seinare, i 1952, var Dylan Thomas på turné i USA. To studentar med ein forretningsidé, Barbara Holdridge og Marianne Roney, tok kontakt: Dei trudde det var penger å tene på å lage plater med forfattarar som las sine eigne tekstar, slik at folk kunne høyre dei heime. Dette var det sjølvsagt liten interesse for i businessverda: Kven vil gidde å HØYRE på litteratur, liksom?

Eit opptak for æva

Dylan Thomas gjekk med på å spele inn ein 45 minutters LP. Side 1 blei fylt av dikt. Men kva skulle dei ha på side 2? Hm, han hadde jo desse minna frå jul i Wales.

Men manuset hadde han ikkje, for dette var lenge før minnepinnar og skylagring. Dei skaffa eit eksemplar av Harper’s Bazaar fra desember 1950, og det var den teksten Dylan Thomas las inn, 22. februar 1952. Plata vart ein kjempesuksess.

A Child's Christmas in Wales av Dylan Thomas originalutgave fra 1954

Året etter døydde Dylan Thomas, berre 39 år gammel. Men tekstane lever vidare, ikkje minst «Et barns jul i Wales».

Teksten kom som bok på 1950-talet. Sjølve innspelinga vert ofte rekna som starten av lydbokindustrien i USA, og er på lista over spesielt bevaringsverdige opptak hos amerikanske National Recording Registry. Der finst òg Martin Luther Kings «I have a dream»-tale, innsettelsestalen til president John F. Kennedy – og «All I want for Christmas is you» av Mariah Carey.

Les meir:

Lån på Sølvberget

Tidligere juleklassikarar

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙