Hva leter du etter?
The Outsiders albumcover

Lyttetips frå Finn Øglænd

Finn Øglænd er forfattar, lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar. Innimellom lyttar han til musikk. Her anbefaler han fem 60-talsalbum frå ikkje-engelskspråklege land.

Q65: Nothing but trouble - the best og Q65 1966-68

Av dei ikkje-engelskspråklege landa hadde nok Nederland den mest potente rock-scena på 1960-talet. Dessverre blei få av banda kjende utanlands. Q65 frå Haag var eit av dei tøffaste, og blir gjerne samanlikna med Pretty Things. Liksom mange britiske band starta dei med tøff bluesrock, men utvikla seg utover på 60-talet vidare til aggressiv garasjerock, stemningsfull folkrock og syrebetent psykedelia. inneheld 24 av bandets beste låtar. Klassiske låtar: "Cry in the night" og "From above". Beste ordinære album: Revolution frå 1966.

The Outsiders: The Outsiders (1967)

The Outsiders frå Amsterdam vil eg rangere som det aller finaste 60-talsbandet frå eit ikkje engelskspråkleg land. Liksom Q65 song dei på engelsk, dei var rå og upolerte i stilen og kunne samanliknast med Pretty Things. Debutalbumet The Outsiders frå 1967 inneheld kanskje ein del låtar som er for primitive til å tåle tidas tann, men dei beste låtane, som Filthy Rich, Won't You Listen, og If You Don't Treat Me Right høyrer til noko av periodens finaste musikk i sjangeren oppspeeda, rå og aggressiv rock. Ein forløpar både for punk, hardcore og psykedelia.

Tages: 1964-68

Tages var utan tvil det beste svenske 60-talsbandet. Dei utvikla seg frå nokså uinteressant Merseybeat til ein tøff, modinspirert rock som kunne minne om the The Who og The Kinks, og seinare (lik mange britiske band) prøvde dei ut andre retningar, som hard rock, barokk pop og blue eyed soul. Dei var store i heile Skandinavia, men nokså ukjende utanfor. 1964-68 er eit dobbeltalbum som inneheld alle hitsinglane og meir til. Beste låtar: "The One for You", "Crazy 'Bout My Baby", "The Man You'll Be Looking For" og "Miss McBaren".

Los Shakers: Por favor

Los Shakers Por favor albumforside

Eit band frå Uruguay som prøver å imitere The Beatles frå A Hard Day’s Night-epoken på broken English, kan det bli bra? Svaret er: Los Shakers har meir trøkk, entusiasme og melodiøsitet enn dei fleste Merseyside-band, er blant mine favorittar og høver seg særleg bra til munter øldrikking. Dette bandet, med sine catchy melodiar, har ein naiv sjarm som ein knapt kan tenkje seg i dag, og mange pophistorikarar reknar dei som Latin-Amerikas beste 60-talspopband. Samleplata Por favor gir eit godt bilete av bandet. Sjølvsagt er dei ikkje like gode som Beatles, men det er jo ingen andre band heller. Beste låt: Break it all.

Los Mockers: Los Mockers

Los Mockers The original recordings 1965-67 albumforside

Los Mockers (også frå Montevideo, Uruguay) er likevel bandet eg vil nominere til Latin Amerikas beste 60-tals band, iallfall blant dei som spela i tradisjonell 60-talsstil. (Os Mutantes frå Brasil er elles utan konkurranse innan den meir psykedeliske rocken). Medan Los Shakers dyrka Beatles, dyrka Los Mockers Rolling Stones. Og dei var endå flinkare til å skape seg ein eigen identitet i tillegg til imitasjonen enn Los Shakers. Dei syng også noko betre engelsk, og imitasjonen av Mick Jagger er genial. Los Mockers, ei samleplate utgitt i 1994 er det mest tilgjengelege albumet til gruppa, den er basert på eit album frå 1966, men inneheld ein del andre hits frå 1965-67. Kan ikkje bli like bra som Stones, men er svært underhaldande og catchy å lytte til og eignar seg godt til festbruk. Dette held seg betre enn mykje USA-basert Stones-inspirert musikk frå same epoke.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙