Boka Ro av Sigri Sandberg holdt opp foran Gandsfjorden

Fjorden baby!

I Sigri Sandbergs bok Ro møtest sjølvhjelpslitteratur, kulturhistorie og reiseskildring midtfjords.

Sognefjorden er verdas lengste farbare fjord. (Det finst ein på Grønland som er lengre, men den kan ein ikkje segle i.) Forfattar og journalist Sigri Sandberg vaks opp ytst i fjorden.

Ei mild midtlivskrise

No er ho midt i 40-åra, og kjenner på ei veksande rotløyse. Kvar høyrer ho eigentleg til, ho som deler tilværet mellom Svalbard, Oslo og Sogn? Svaret på grublinga blir å ro Sognefjorden frå vest til aust i ein båt av typen oselvar, med slekt og kjenningar som mannskap. Det vert ei reise innover, både geografisk og i overført tyding.

Lars Mytting var ikkje den første, men etter Hel ved vart folkelesnad, har det komme ei rekkje bøker som zoomar inn på einskilddelar av norsk kulturarv og historie. Dei siste åra har det kome bøker om snømåking, heimebrent og komler. Ro handlar mellom anna om båtar og tradisjonar langs Sognefjorden.

Boka har òg ein fot i samferdslelitteraturen, som er ein vital undersjanger i norsk sakprosa. Ro fortel Noregs-historia gjennom fjorden si historie, slik andre har fortalt ho gjennom bilen eller togets historie. (Sjå bokliste nedst på sida.)

Litt om alt

Og medan båten sig innover Sognefjorden, kjem teksten innom vikingar, ferjer, forureining, lunefulle vindforhold og historier om dei som rodde og segla før, medan Sigri Sandberg balar med tankane om kven ho er og kva som er viktig i livet.

I motsetnad til oselvaren, er teksten litt overlasta. Det vert litt om mykje. Det betyr ikkje all verda. Strikkebøker skal gje deg lyst til å strikke. Kokebøker skal gje deg lyst til å koke. Turbøker skal få deg ut på tur. Fekk eg lyst til å komme meg ut i naturen snarast råd av denne boka? Ja.

An unhandled exception has occurred, see browser dev tools for details. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙