Hva leter du etter?
Bilde fra filmen The picnic at Hanging Rock

Hypnotisk frå den australske øydemarka

"Picnic at Hanging Rock" (1975) er blitt endå betre i ny blu-ray-utgåve.

Er Peter Weir verdas beste filmregissør? Kanskje ikkje, men få andre har klart å sameine kunst og kommers like godt. Weir sine filmar har òg bidrege til å løfte den australske sjølvkjensla og identiteten, gjennom filmar som Picnic at Hanging Rock, The last wave og Gallipoli.

Filmstjerner på sitt beste

I sentrum for Weirs filmar står som ofte ei mannleg filmstjerne som Weir klarer å få karrierens beste prestasjon ut av.

Harrison Ford har blitt nominert til Oscar ein gong. Det var for Peter Weirs Witness. Jim Carrey vann Golden Globe for Peter Weirs The Truman Show. Har Mel Gibson vore betre enn i krigsfilmen Gallipoli?

Og då Robin Williams gjekk bort, kva sitat var det som vart til sorgfulle memes på nettet? "O Captain! My Captain!" frå Peter Weirs Dagen er din (Dead poets society).

Piknik med...døden? Kanskje.

I Picnic at Hanging Rock handlar det om jenter. 14. februar 1900 dreg ei gruppe kostskulejenter i tenåra på tur til Hanging Rock. Det er ei vulkansk klippe i Victoria, Australia (og finst i røynda). Midt på lyse dagen forsvinn tre av jentene og ein av lærarane deira.

Kva hende med dei?

Bilde fra filmen The picnic at Hanging Rock

Picnic at Hanging Rock handlar om tida etter forsvinninga, men det er ikkje ein krim. Tilhengjarar av stramme plott vil kanskje irritere seg over retninga filmen tek. (Og motstandarar av panfløyte får det stridt. Panfløyta til Gheorghe Zamfir smyg seg inn i dei fleste scenene.)

Men kva betyr alt saman?

Dette er ein film som inviterer til tolking og diskusjon. Kvifor forsvann jentene? Er Hanging Rock eit symbol, i så fall på kva? Kva tyder svanene som heile vegen blir klipte inn? Kvifor er handlinga lagt til valentinsdagen - er forsvinninga ein metafor på det å miste ein del av seg sjølv i overgangen til vaksenlivet?

PaHR-fans bør låne blu-ray-utgåva som kom i fjor, med masse bonusmateriale og ein eigen director's cut av Peter Weir.

Og viss du ikkje bryr deg om tolking, legg deg godt til rette og nyt dei fantastiske bileta av det australske landskapet i låg sol. Slik sett kan filmen minne litt om Badlands av Terence Malick, begge filmane har eit heilt eige lys.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙