
Seksti kilo solskinn, 462 sider perfeksjon
Viss ikkje, bør du lese Hallgrímur Helgasons roman Seksti kilo solskinn, slik heile Noreg gjer akkurat no (bok365.no). Boka struttar av optimisme over den nye tida som veltar inn over eit lite islandsk fiskevêr på byrjinga av 1900-talet, der eit folk i ferd med å bli skote med rakettfart inn i moderniteten.
Til denne fjordarmen på nordsida av Island kjem framsteget rekande i form av norske fiskebåtar rundt år 1900, i skip lasta med pengeøkonomi, ny teknologi og mildt kulturkrasj.
Tenk deg ein mindre høgtideleg, meir køddete Søsterklokkene-Lars Mytting, og du har ein idé om Helgason sin stil. Helgason sjonglerer uanstrengt personar og handlingstrådar, og stundom stig forteljaren som ei drone opp frå fjøresteinane og trekk opp dei heilt store linjene om livet, menneska og Island. Det er makelaust godt gjort.
Seksti kilo solskinn er første bok i ein trilogi som allereie er skriven, og dei to neste bøkene er også varsla på norsk. Gle deg!









