Hva leter du etter?
Farvel vesle Lettera av Ron Padgett bokforside

Skaff deg skrivemaskin!

Diktsamlinga hadde ein urovekkande tittel: "Farvel, vesle Lettera", og bilete av skrivemaskina med dette namnet.

Viss du er av typen som tek imot livsråd frå bibliotektilsette, skal du få eit her (og eg lovar at det skal bli lenge til neste gong): Skaff deg skrivemaskin. Har du allereie ein skrivemaskin, ikkje sei farvel til han.

Skrivemaskin er ei nesten gratis og garantert livsvarig kjelde til glede, dersom du har det minste interesse for å skrive. (Ja, eg veit du har datamaskin. Skrivemaskinen gjev deg andre og djupare gleder.)

Kort oppsummering

Eg sto til knes i ein tjukk roman då den særs tynne diktsamlinga Farvel, vesle Lettera frå Flamme forlag skreik til meg frå hyllene. Den amerikanske poeten Ron Padgett er eit nytt namn for meg, og dikta er eit tverrsnitt av eit langt skriveliv. Ruth Lillegraven har omsett dei til norsk.

Akkurat som hos norske Tomas Espedal handlar Padgetts dikt mykje om sjølve skrivinga, og han gjer det med dette drivet og humøret som amerikanske poetar gjerne har. (Sidespor: Eit av mine beste minne frå Kapittel, var då Jan Erik Vold for mange år sidan snakka om beat-poesi på Folken. Etter at han hadde lese dikt av Allen Ginsberg (trur eg det var) høgt, kommenterte han tørt: "Dette er et stykke unna Halldis Moren Vesaas", som dikta samtidig som Ginsberg.)

Italiensk toppdesign

Kva er "vesle Lettera" i tittelen? Lettera er ein italiensk skrivemaskinmodell produsert av Olivetti i Italia, eit produkt av den italienske oppgangstida etter andre verdskrigen. Skaff deg ein Olivetti Lettera 22 eller 32, begge er fantastiske maskinar som kjem til å lagre bokstavane dine lenge etter at den dyre smarttelefonen din har gått til resirkulering. Denne boksingelen (bok-singel = svært tynn bok) har to dikt om skrivemaskinar, begge like vakre og leikne.

Eg tør vedde på at ingen kjem til å skrive dikt om sin elsk til iPhone 14 Pro Max om 50 år.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙