Hva leter du etter?
Finn Øglænd på Bokhuset under Kapittelfestivalen 2023

Finn Øglænd: "Pop- og rockmusikk er nok det viktigaste for meg både nå (når eg er 65) og då eg var 15."

Finn Øglænd ville aller helst hatt ein hitsingel framfor å vere forfattar.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Frå førskulealder: Jules Verne. Frå gymnastida: Store mengder norsk og utanlandsk prosa og poesi, stikkord: Agnar Mykle, Jens Bjørneboe, Tarjei Vesaas, Knut Hamsun, Johan Borgen, Axel Jensen, Aksel Sandemose, Jan Erik Vold, Paal-Helge Haugen, Kjartan Fløgstad, Einar Økland, Eldrid Lunden, Cecilie Løveid, Georg Johannessen, Dag Solstad, Kjell Askildsen, Ragnar Hovland, bare for å nemne nokon få norske.

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Garborg: Særs viktig, Obstfelder: Særs viktig. Kielland: Ikkje særleg viktig.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

-Eg konsentrerte meg om såkalla "modernistisk" litteratur, så tradisjonell førmodernistisk litteratur var ikkje så viktig.

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

Eg overtok Jules Verne-bøkene og andre gutebøker etter far min. Dei var viktige. Foreldra mine hadde 6 års barneskule kvar (begge mista eit år i kvar sin ende av krigen). Eg kjem frå ein gammal husmannsplass i Sola. (Skiftesvik). Det var vanleg at dei frå Skiftesvik var dei flinkaste i klassen, så det var ikkje noko anti-intellektuelt miljø, sjølv om det var pietistisk.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- Då var eg 26 og då må eg nevne dei same som i gymnastida. Dei som står ovanfor + ei lang rekke av utanlandske. Det er for mange til å kunne ramsast opp. Men eg bør nok legge til Jon Fosse av dei norske. Vi var gode vener på den tida. Same gjeld til ein viss grad Øyvind Berg. Sjølv om begge desse har eit ganske anna formspråk enn meg.

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- Eg var med på eit skrivekurs med Eldrid Lunden i Volda på seint 70-tal. Det blei nok viktig. Ellers kjende eg ingen forfattarar og ingen som skreiv. Eg møtte Jo Eggen i 1980, det var vel den første forfattaren eg traff personleg. Eg trur han lærte meg litt om å skrive politisk utan at det blei plakatkunst. Og så var eg med i ei skrivegruppe i Bergen på tidleg 80-tal saman med blant andre Øyvind Berg.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Eg gjekk på Forfattarkurset i Bø hausten 1983, men fullførte vel eigentleg aldri. Det var der eg for alvor traff andre skrivande folk - også folk som blei gode vener ein del år framover. Men eg er jo ein «sjølvlært» forfattar - eg hadde alt fått antatt debutboka mi på Gyldendal i april 1983. Det viktigaste i Bø var jo å treffe folk som likna ein sjølv, ikkje å «lære å skrive». Sidan var eg elev på Skrivekunstakademiet i 1986-87 + at eg underviste der sjølv i perioden 1992-95.

Har du omsett bøker til norsk?

-Ja, eg har gjendikta fleire diktbøker av amerikanske, canadiske, franske, nederlandske og belgiske poetar + omsett ei novellesamling av den svenske forfattaren Ola Larsmo. Fekk den siste jobben fordi Jon Fosse trakk seg!

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Ja, mange. Men eg er snart 66 og har ikkje motivasjon eller arbeidskapasitet til å skrive eller omsette like mykje som før. Eg er desillusjonert i forhold til bokas framtid og utviklinga i forlag og media. Eg ser rett og slett ikkje vitsen i å jobbe med dette, det er for lite tilbakemelding. Det er også vanskeleg å finne eit forlag for prosjekt som mine.

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Pop- og rockmusikk er nok det viktigaste for meg både nå (når eg er 65) og då eg var 15. Eg bruker tida og pengane mine på musikk. Og hadde nok heller (som Ragnar Hovland) vald å ha ein hitsingel framfor å vere forfattar.

Lån Finn Øglænds bøker på Sølvberget

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙