Hva leter du etter?
Portrett av Jørn Lier Horst med svart bakgrunn

Fordjupningsoppgåve om Jørn Lier Horst

SPØRSMÅL: "Hei hei! Eg har fått fordjupningsoppgåve på skulen. I oppgåva skal eg lese to bøker og lage ei problemstilling, for å så skrive ein tekst på tusen ord om problemstillinga.

Eg har difor lese Samalandergåten og Maltesergåten av Jørn Lier Horst. Men eg har ingen ide om kva problemstilling eg skal ha/korleis eg lagar ei. Og har ingen ide korleis eg skal bygge opp teksten. Har de mulighet til å hjelpe meg?"

SVAR: Hei, og takk for spørsmålet!

Eg vil råde deg til å skrive ei fordjupningsoppgåve der du ser bøkene opp mot sjangeren dei er skriven i . Ei problemstilling kan vere: "Kva typiske trekk frå krimsjangeren finn ein i bøkene Samalandergåten og Maltesergåten av Jørn Lier Horst?".

For å skrive den oppgåva må du fyrst gjere deg godt kjent med krim som sjanger. Krim er ein takknemleg sjanger å skrive fordjupningsoppgåve om, fordi det nokså strenge "reglar" for kva ei krimbok skal innehelde. Kva er desse kjenneteikna? Finn du dei igjen i Horsts bøker?

Når det gjeld måten du skal setje opp oppgåva di på, vil eg råde deg til å snakke med læraren din. Ein oversiktleg metode kan vere å gå litt "firkanta" til verks i hovuddelen av teksten din, og lage deg eit slags skjema som du nyttar når du les bøkene.

Til dømes:

Krim-kjenneteikn: Ein eller fleire etterforskarar som skal løyse saka. (Skriv meir om dette.)

Korleis er dette i Horsts bøker?

Krim-kjenneteikn: Fleire mistenkte som kan ha motiv. (Skriv meir om dette.)

Korleis er dette i Horsts bøker?

Og så bortetter. Etter kvart vil du få eit heilskapleg bilde av kva som er "typisk krim" med Horsts bøker, og kva som ikkje er det. Den viktigaste delen av oppgåva er drøftingsdelen, der du diskuterer dette spørsmålet med deg sjølv.

Eit siste tips: Horsts bøker er skrivne for born. Korleis skiljer barnekrim seg frå vaksenkrim? Det bør òg vere med i oppgåva di.

Lukke til med fordjupningsoppgåva!

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙