Hva leter du etter?
Gaute M. Sortland leser på Kapittelfestivalen utenfor Sølvberget

Gaute M. Sortland: "Garborg sin Fred sit som eit avtrykk i kroppen"

Fleire forfattarar frå Sunnhordaland har vore viktig for Gaute M. Sortland sitt skriveliv.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Her er det vanskeleg å trekke fram berre noko, i ei tid der ein var totalt open og kvar nye, store leseoppleving kunne snu opp-ned på alt ein trudde var mogleg. Intens Vesaas-lesing i tidleg ungdomstid, like intens Fosse-lesing eit par år etter, og alle klassikarane på studia. Størst forandring, det må seiast, førte likevel Sveve over vatna, av Ragnar Hovland til. Humoren, det nokså slapt strukturerte, det melankolske. Alt saman gjorde at eg opplevde dette som noko heilt anna enn dei flinke bøkene folk flest skreiv. Dette var inspirerande!

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Dei har absolutt hatt noko å seie, som dei andre norske klassikarane. Kanskje Garborg og Kielland i litt større grad, både på grunn av den høge kvaliteten og den lokale identiteten. Kielland sine syrlege menneskeskildringar har framleis ei høg stjerne, Garborg sin Fred sit som eit avtrykk i kroppen.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

- Dei aller fleste som gjorde suksess til trass for flatt språk eller dei som let sine bøker bli drivne av tydelege plot.

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

- Antakeleg mykje. Både den høge statusen for bøker og teikneseriar blant venner, familie og søsken. Haugesund og dei som skreiv derfrå, og kanskje like mykje dei som ikkje skreiv, som ein iallfall ikkje ville likne på. Dei forfattarane som skreiv frå Haugesund, poetar, og eg kjende meg etterkvart mykje meir igjen både i tonen, humoren og språket til alle dei fantastiske Sunnhordalands-fortfattarane, som så mange blei kalla på den tida, Økland, Hovland, Belsvik og mange, mange fleire.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- Det kjendest som dei som var viktige for meg i den tida, ikkje var viktige for samtida og mediedekninga. Skal ein skrive, så må det kanskje vere slik, å lese seg ned i ei kaninhole for så å komme ut og oppleve at eigne opplevingar ikkje stemmer overeins med verda slik ho ser ut.

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- I liten grad, men ein eldre kamerat som hadde kome mykje lengre enn meg hadde mykje å bety. Det gjorde at ein ville strekke seg og nå like langt. Miljøet rundt som var mest prega av musikk var støttande og open for at skriving, musikk og ulike kunstformer var viktig og noko ein ville og måtte drive med.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Nei. Berre universitetsfag med master i litteraturvitskap og nordisk.

Har du omsett bøker til norsk?

- Nei.

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Ja, men som enkelte andre forfattarar er eg ikkje god i andre språk enn norsk. Har likt veldig godt nokre ungarske klassikarar i det siste. Dei finst i eldre bokmålsomsetjingar, men Gyula Krudy si bok Solsikke på norsk hadde vore ein drøm å omsetje til nynorsk i for eks. den flotte klassikarserien til Skald. Det hadde vore noko!

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Vil også nemne Tore Renberg som ein viktig Rogalands-inspirasjon. Lett attkjenneleg oppvekstskildring frå bymiljøet og musikkmiljøet frå Stavanger i den første boka om Jarle Klepp.

Lån på Sølvberget

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙