Hva leter du etter?
Portrett av Ingrid Z. Aanestad foto Cato Lein / Gyldendal forlag

Ingrid Z. Aanestad: "Eg tek meg ofte i å ønska at orda skal vera store og verkelege og heilt konkrete"

Forfattar Ingrid Z. Aanestad er prega av norsk og fransk litteratur, og ikkje minst Jæren.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Eg las mykje – av svært varierande kvalitet – som barn og ungdom. På vidaregåande begynte eg å skilja litt tydelegare på kva eg likte og ikkje, og kva som var litteratur på ekte.

Sigrid Undsets Jenny var ei av dei bøkene som gjorde sterkt inntrykk på meg i denne tida. Eg hadde sommarjobb i Garborgheimen og Knudaheio, så Garborg var også tydeleg til stades. Særleg Haugtussa og Fred er med meg. Nynorsken hans, og måten å skriva jærlandskapet på trur eg har prega skrivinga mi – og måten eg ser Jæren på. (Ei lesing av Garborgs Kolbotnbrev er dessutan utgangspunktet for essaysamlinga mi, Heim.)

Eg skreiv særemne om Helge Torvund, det handla nok ein del om at han var ein levande, jærsk forfattar. Det var altså mogleg! Eg var i Frankrike eitt år rett etter vidaregåande, og las ein del fransk poesi, truleg eit litt tilfeldig utval: Éluard, Valéry med fleire. Marguerite Duras las eg også første gong på denne tida, ho var viktig. I Frankrike tok eg blant anna eit emne i fransk film, og dette påverka meg nok vel så mykje som det eg las. Særleg nybølgje-regissøren Éric Rohmer – filmane hans er litterære, pratsomme, visuelt stringente og samstundes tilbakelente. Slik ville eg skriva!

Då eg kom frå Frankrike, begynte eg på Forfattarstudiet i Bø, og det var då eg for alvor begynte å orientera meg i norsk samtidslitteratur. Eg las Hanne Ørstavik, Trude Marstein, Rune Christiansen, Anne Oterholm, Mona Høvring, Eva Jensen, Inger Bråtveit, Gunnar Wærness +++ Og eg las Eldrid Lunden, Georg Johannesen, og etterkvart Dag Solstad.

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Garborg var viktig, sjå svar over. Kielland og Obstfelder hadde eg nok eit meir overfladisk eller skulemessig forhold til. Men alle kjenner seg vel igjen i å ha kome på ein feil klode på eit tidspunkt i livet?

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

- Eg var i alle fall veldig oppteken av at eg ikkje ville vera sentimental eller nostalgisk i det eg skreiv. Eg var oppteken av det som var kunst i litteraturen, og distanserte meg nok ein del frå det eg opplevde som rein underhaldningslitteratur, som krim og feelgood.

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

- Eg hadde lesande foreldre og blei lesen mykje for i oppveksten. Lærte også å lesa sjølv tidleg, og hadde lesinga som eit eige rom frå eg var veldig lita. Eg var skuleflink, det blei oppmuntra.

Men det var ingen kunstnarar eller folk i frie yrke i slekta eller nærmiljøet mitt, så det skulle ta ganske lang tid før eg verkeleg forstod at det var mogleg for meg å bli forfattar. Det var nokre biletkunstnarar på Bryne, i ein periode oppsøkte eg dei med spørsmålet «Kva er kunst?» Eg tenkte at dei visste noko som eg trong å vita.

Og det er nok sant at for meg har litteraturen og kunsten også vore ein utveg, ein veg vekk frå noko eg absolutt ikkje ville ha. No kan eg lengta heim til Jæren, men lenge representerte oppvekststaden min noko trongt og konvensjonelt, noko ufritt og stygt og utan sjel. Det kan henda dette har noko å gjera med at eg var del av eit bedehusmiljø tidleg i tenåra. Det var ikkje ein god stad for frie tankar og livsutfalding.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- I generasjonen over meg: Hanne Ørstavik, Trude Marstein, Karl Ove Knausgård, Carl Frode Tiller, Thure Erik Lund. Dei tre store på Forlaget Oktober (mitt forlag) då eg debuterte, var Per Petterson, Kjell Askildsen og Dag Solstad. Av desse kjende eg meg nærmast Kjell Askildsen, som eg las og beundra og hadde nokre viktige samtalar med tidleg i forfattarskapen.

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- Meir enn eit tydeleg avgrensa miljø, var det nokre viktige, nære venskap og bekjentskapar som eg utveksla tekstar, skrivetankar og leseopplevingar med. Desse kom i hovudsak frå studietida og gjennom det litterære miljøet eg møtte på forlaget.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Ja, eg har gått på forfattarstudiet i Bø (2003/2004) og på det skandinaviske studiet Litterär gestaltning ved Göteborgs universitet (2006-2008)

Har du omsett bøker til norsk?

- Eg har omsett to diktsamlingar. Sanka ull av Patti Smith frå engelsk og Min krig. Svitar av Jenny Tunedal frå svensk.

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Eg har fleire gonger begynt å omsetja Emily Dickinsons prosatekst The Master Letters. Det er ein draum! Men eg har ikkje klart det, enno.

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Då ein forfattarkollega var ei sommarveke på Obrestad fyr for nokre år sidan, sende han meg ei melding og sa at no forstod han kvifor eg skreiv som eg gjorde! Eg veit ikkje nøyaktig kva han meinte med det, men eg kan tenka meg at det hadde noko med lufta og vinden og sjøen og dei vide markene å gjera. At eg prøver å skapa rom i tekstane mine, sjølv når dei er frå heilt andre stader og samanhengar.

Eg kan også nevna at eg lenge tenkte det var biletkunstnar eg ville bli, og ikkje forfattar. Impulsar frå visuell kunst har vore viktig heilt frå begynninga, og eg tek meg ofte i å ønska at orda skal vera store og verkelege og heilt konkrete, som stein eller oljemåling.

Lån på Sølvberget

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙