Hva leter du etter?
Mona Høvring fotografert av Agnete Brun foto Oktober forlag

Mona Høvring: "Skjebnetyngda i tekstane er sterkt farga av staden eg vaks opp."

Mona Høvring har eit ønske om å setje ord på det såkalla "ordlause".

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Bibelen, serielitteratur for born (Bobsey-barna, Lykke, Puk, o.s.b.) Anne-Cath. Vestly, Astrid Lindgren (Vi på Saltkråkan, Emil, Pippi, Barna i Bakkebygrenda, Marikken, o.s.b.), Tove Jansson, Johanna Spyri, Agatha Christie, Victor Hugo, Charles Dickens, Vilhelm Krag, Cora Sandel, Trygve Gulbranssen, Jonas Lie, Selma Lagerlöf, Olav H. Hauge, Jan Erik Vold, Halldór Laxness, Karen Blixen, m.fl. ...

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Ja. Absolutt.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

- Det er ei noko underleg problemstilling. Hm... Eg skriv jo ikkje tekstar eg bryr meg dårleg om ...

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

- Skjebnetyngda i tekstane er sterkt farga av staden eg vaks opp.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- Det spørs kven som hadde definisjonsmakta i høve til ordet "viktig". Eg debuterte i 1998. Det var mange debutantar det året som framleis er forfattarar. (Linn Ullmann, Karl Ove Knausgård, Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug, Trude Marstein, Bjarte Breiteig, o.s.b.)

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- Nei, det var eg ikkje.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Eg søkte på Skrivekunstakademiet i Bergen (er litt uviss på årstalet ... 1996? 1997? ...). Var sett opp på venteliste. Kom deretter inn, men takka nei. Har forøvrig vore med på dagskurs i skriving på Samlaget (før eg debuterte), og eit par helgekurs i skriving (før eg debuterte).

Har du omsett bøker til norsk?

- Nei.

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Ja. Om eg kunne fransk: Célia Houdart.

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Eit "indre trykk". Ønske om å setje ord på det såkalla "ordlause". Raseri. Sorg. Sterk dragning mot å finna lindring, nåde, trøyst. I livet. I lese- og skrivesimulatorane. For meg. For lesaren.

Lån på Sølvberget

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙