Hva leter du etter?
Portrett av Øyvind Rimbereid

Øyvind Rimbereid: "Det finst ein melodi, ein rytme og ein klang i dialekten som eg har hatt bruk for bruk for"

Georg Johannesens gode råd var avgjerande for den unge poeten Øyvind Rimbereid.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 og 2024 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kor starta det?

- Eg var ikkje spesielt skuleflink, men eg lærte tidleg å lesa, og oppdaga ei verd av bøker. Sat ofte på skolebiblioteket, og las alt eg kom over. Spenning og krim fascinerte, til eg oppdaga kor like bøkene var. Familien min var ikkje spesielt bokleg, men far var medlem av bokklubben, og eg las noveller av Somerset Maugham og Johan Borgen. Få snakkar om Borgen no, men han etterlet seg spor. Det var noko uløyst, noko som hang att etter lesinga, i hans noveller. Seinare forstod eg at han hadde lese Kafka.

- Eg valde yrkesretta linje på vidaregåande, elektro, men tok påbygg og studerte norsk på DH på Ullandhaug. Så reiste eg til Bergen og blei der i 25 år. Tok hovudfag i norsk, men fekk også med eit år på Skrivekunstakademiet. Det var fint; det var først og fremst skriving og tilbakemelding på det vi skreiv. Så fekk vi studielån for å skriva! Det var noko av det viktigaste. Lærarar var Jon Fosse og Ragnar Hovland, og dei sette oss i kontakt med samtidslitteraturen, og var sjølv viktige stemmer i den.

Så kom du med i miljøet rundt Georg Johannesen?

- Ja, eg var vel den yngste som var med i Retorisk Forum. Det gjorde at eg fekk det vervet som hadde minst status: Kasserar. Men det var eit stimulerande miljø. Og Georg Johannesen var ein raus og innsiktsfull person, viss du greidde oversjå hans meir urimelege utspel. Då han han høyrde at eg jobba med dikt, bad han om å få lesa manus. Og etter lesinga, gav han ein kort telefonbeskjed: «Kom til meg i morgen klokka 12!»

-Då eg kom neste dag, stod han klar – stilte seg i profil, som han gjorde når det var viktige ting. Så sa han: Eg har lese dikta dine med stor interesse. Men du har komponert det som ein revy.

- Etterpå gjekk vi gjennom manuset. Han retta på nokre småting, men det viktigaste var komposisjonen. Han introduserte fleire komposisjonsprinsipp, mellom anna årringane i eit tre, der ein kunne byrje med det personlege og deretter utvide tematisk. Han sa at eg gjerne kunne legge alle dikta utover golvet i ulik rekkefylgje, som han hadde gjort med Ars Moriendi på sekstitalet (utgitt 1965). Alt i alt var det ei fin, vennleg rettleiing. Dei som huskar Georg berre frå media og debattar, kjende ikkje til den varme sida hans; han brydde seg om dei han snakka med.

- Du kom altså inn i eit miljø i Bergen. Men kva med Stavanger-tida, var det noko skrivande miljø der?

-Ikkje som eg kjende til. Eg visste om Finn Øglænd, som skreiv dikt. Det var påfallande få Stavangerforfattarar i den perioden. Men det kom viktige impulsar frå musikken; Stavangerensemblet, som var aktive frå 1974, gjorde noko heilt nytt med bruken av lokal dialekt. Tekstane av Gunnar Roalkvam OG Svein Tang Wa utvida rommet for kva som gjekk an å gjera på dialekt. Før den tid var dialekt brukt i lokal humor, i Ajax-tradisjonen. Det var heilt andre ambisjonar i Stavanger-ensemblet, og dei slo gjennom nasjonalt, både som pionerar i Stavanger-bølga, og som leiande i dialektbølga som etter kvart omfatta trøndersk, nordnorsk og Toten-dialekt, for å nemne noko.

- Da eg starta å skriva – og det starta med noveller – las eg folk som James Kelman, ein skotsk forfattar (Bookerprisen i 1994) som både brukte den lokale bakgrunnen i Glasgow og eit dialektprega språk. I novellesjangeren kjende eg meg etter kvart innelukka, også språkleg, i bokmålet; det var noko som ikkje kom til uttrykk der eller var mogeleg å seia. På same tid las eg Göran Sonnevie, og blei imponert over korleis han kopla saman filosofi, livshendingar, politikk i dikta sine. Og eg las ein annan skotte, Tom Leonard, kjend for sine Glasgow-suiter – også dei på dialekt. Det var eit gap mellom dei tradisjonelle dialekt-tekstane og desse nye forfattarane, som kunne bruka dialekten til alt dei ville skrive om. Desse tinga låg bak då eg gjekk over frå prosa til dikt. Eg fann ut at eg kunne skriva i det språket eg tenkjer i/på, og dette tok eg konsekvensen av då eg skreiv den første boka – Seine topologier frå 2000. Dialekten ligg nærare musikken, bokmål er så skriftleg. Det same er nynorsken, som i det felles skriftspråket dempar avvika i dialektane. Men det finst ein melodi, ein rytme og ein klang i dialekten som eg har hatt bruk for bruk for. Men for all del, eg er òg glad i bokmål og har vel skrive like mykje dikt på det som på dialekt. Bokmålet har noko spisst og lett opphøgd ved seg, som eg som poet kan nytta. Den eldre bruken av lokalstoff og dialekt var gjerne knytt til ein nasjonal eller lokal ideologi: Dette er den norske ånd, eller den vakraste staden i verda.

- I min dialektbruk er det vel heller eit opprør mot dette; mot felles normering. Og når det gjeld nynorsken, så ekskluderte den jo mykje av bydialektane, og gjorde seg til eit anti-urbant språk. Eg har meir sympati med målfolk som Olaus Fjørtoft, som ville at alle skulle skriva på sin eigen dialekt. Naturlegvis forstår eg også at nynorsken var eit folkeleg opprør mot embetsverket, men den blei også sensurerande. Men for meg handlar dialektbruk ikkje om nasjonal identitet. Det handlar heller om å koma nært det eg skriv om.

Som skiljet mellom liten og stor? Mange av figurane i dikta dine har eit skråblikk frå nedsida?

- Stavanger er jo ein by med nokså kort avstand mellom rikdom og fattigdom. Eg vaks opp på Våland, som er ein bydel for middelklassa. Men i enden av gata eg vaks opp i, låg det sosialbustader, og desse blei kalla for «niggeren». Den unge guten i den siste boka mi, som er foreldrelaus og i ferd med å gli inn i eit småkriminelt miljø, har eg bygd på observasjonar av folk eg vaks opp med, og som var i eit grenseland som kunne føra dei langt av garde.

- Det er jo rester av språk i ulike miljø. Eg har sett ein litt annan variant i breva frå oldemor mi, som budde i Tananger, og var engsteleg for slektningane sine på sjøen, som brukte eit religiøst språk for sine bekymringar, og som har eit anna språk enn det moderne, sekulære. Slike bruksspråk er litterært interessante.

Rogalandsklassikarane, har du noko forhold til dei?

-Frå skuletida hugsar eg eit dikt av Obstfelder: Jeg ser. Alle andre dikt vi las då, er borte, men det festa seg. Det har noko Chaplin-aktig ved seg, noko som bryt heilt med andre dikt. Det er eit dikt Rilke kunne skrive. Så las eg Garborgs Fred ganske tidleg, den gjorde sterkt inntrykk, ein slags realistisk modernitet. Eg likte realistiske romanar med sterke ambisjonar, som det hardslåande hos Bjørneboe. Kielland har eg derimot ikkje noko NÆRT forhold til.

Men som han skriv du i eit tydeleg Stavanger-landskap. Som likevel handlar om meir enn Stavanger?

- Min generasjon av Stavanger-folk er privilegerte. Oljeindustrien gjorde byen vår til den sentrale drivkrafta i norsk økonomi. Det som hende her, endra heile landet. I den forstand kan eg vel seia at Stavanger er Norge i denne tida eg iblant skriv om.

Lån Øyvind Rimbereids bøker på Sølvberget

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙