Hva leter du etter?
Boka Amerika fra dag til dag av Simone de Beauvoir holdt i Sølvbergets 1. etasje

"Amerika fra dag til dag" - då USA skein sterkast

Hugsar du korleis det kitla i magen fyrste gongen du skulle fly?

Eg hadde gløymt kjensla, før eg las Simone de Beauvoir si reiseskildring frå 1947. Ho la bak seg eit Europa som knappast var på beina etter andre verdskrigen, og sette kursen mot eit USA som blinka og lokka.

Simone de Beauvoir landar med store augo i New York, slått i bakken av alt ho ser og opplever. Etter nokre veker der dreg ho vestover. Programmet er imponerande variert. Ho held foredrag på ei rekkje universitet, ho er på strippeklubbar, slakteri, kino, ørkensafari og slumområde.

Det er skrive ein heil del bøker av europearar på rundtur i USA. Verdas mektigaste land vil alltid tiltrekkje seg skrivelystne. Eg trur likevel USA står i ei særstilling, fordi vi i Europa sit med ei kjensle av at vi NESTEN forstår dei, men så glepp USA ut mellom hendene våre igjen som eit såpestykke.

Notida komprimerer fortida for å forstå ho. I mitt hovud gjekk USA direkte frå sigeren i andre verdskrigen over i 1950-talets velstandsboom, men denne boka korrigerer meg. De Beauvoir skildrar amerikanarane som dels livredde for atomkrig, dels som apatiske og bortvende frå situasjonen i verda.

Under ulmar det. De Beauvoir skildrar klasseskille og rasisme, og 75 år seinare står dei fleste av formuleringane hennar seg godt.

Lån boka

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙