Hva leter du etter?
Sigrid Sandemose med nynorske bøker i hendene

Fem bøker som får deg ut av nynorskdvalen

Jon Fosse, Agnes Ravatn, kort sakprosa, norrøne klassikarar og forfalne hus på Vestlandet: Boktips for deg som vil ta opp att nynorsklesinga.

Sølvberget og Stavanger mållag skipar til ein ny lesesirkel på biblioteket. Frå og med november kan du diskutere ei nynorsk bok i månaden. Fyrste bok ut er Vi har alltid budd i slottet av Shirley Jackson, ein gotisk klassikar i nynorsk gjendikting.

I høve lesesirkelen utfordra vi ordstyraren i lesesirkelen, Sigrid Sandemose, til å gje sine beste boktips til den som vil trene opp att nynorskmuskelen. Ho kom fram til desse fem:

  • Vaim av Jon Fosse. Mystisk trekantdrama og Fosse med feelgood-tendensar.
  • Dei sju dørene av Agnes Ravatn. Litteraturvitar vert innblanda i eit mysterium. Satire, humor og spenning.
  • Norsk røyndom. Korte sakprosabøker som til saman teiknar eit bilete av utanforskap i dagens Noreg.
  • Den eldre Edda gjendikta av Knut Ødegård. Håvamål, Voluspå og andre norrøne klassikarar frå mellomalderen, nydeleg gjendikta på 2010-talet. Godt eigna for høgtlesing på sengekanten.
  • Husdraumar av Marita Aarekol og Marit Eikemo. Kvifor forfell så mange hus? Aarekol sine fotografi og Eikemo sine tekstar fortel historia om vestlandske hus der ingen bur meir.

Høyr podcasten:

Nynorsk lesesirkel

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙