Hva leter du etter?
Sigbjørn Apeland

Plateprat med Sigbjørn Apeland

Musikkbibliotekar Olav Nilsen slår av en prat med Sigbjørn Apeland.

Hei!
Om noen spanderer i baren, hva drikker du?
Hvis eg skal køyra etterpå: dobbel espresso og vatn med kolsyre. Men elles tar eg gjerne musserande vin.

Beskriv deg selv med minst fem ord.
Denslags får andre ta seg av

Om du skulle valgt et pseudonym/artistnavn?
Eg har allereie fleire dyr i namnet mitt (bjørn, ørn, ape, and), så eg treng ikkje fleire namn.

Om du ønsker å få folk ut på dansegulvet, hvilken låt spiller du?
James Brown: «Sex machine»

Hva er ditt forhold til Bibliotek?
Eg har, frå eg var liten, vore ein aktiv bibliotekbrukar. Først skulebibliotek og vanlege folkebibliotek, og sidan utdanningsistitusjonane sine fagbibliotek. Då eg studerte kyrkjemusikk ved Rogaland musikkonservatorium på 80-talet, var musikkavdelinga ved Stavanger offentlege bibliotek ein viktig og inspirerande stad for meg. I dag har eg det daglege ansvaret for folkemusikkarkivet Arne Bjørndals samling, som er ein del av universitetsbiblioteket i Bergen sine spesialsamlingar.

Forfattaren Ragnar Hovland skriv ein stad om kor viktig bibliotket i Stavanger hadde vore for den litterære danninga hans. Eg har og eit spesielt forhold til nett det biblioteket, men mest til musikkavdelinga, der ein kunne høyra lp-ar.

Det er særleg to ting eg hugsar: Around the World in a Day med Prince, og lyden av Derek Baileys gitar.

Elles høyrde eg nok mykje moderne jazz, avantgarde og afrikansk musikk, men det er desse to som verkeleg gjorde inntrykk.

Tidlegare var det Haugesund folkebibliotek, medan eg gjekk på gymnaset, som hadde denne funksjonen. Der lånte eg alle bøkene om Fartein Valen, Karl Ludvig Reichelt sine bøker om kinesisk religion, Om ingenting (eller Silence, som er originalitittelen) av John Cage. Den måtte bestillast frå eit anna biliotek.

Plater som gjorde inntrykk: dei få Stockhausen-platene som var der, Edgar Varese og Stravinskij.

Men tilbake til Stavanger: Konsevatoriebiblioteket må heller ikkje gløymast. Der låg eg (på filtflisene) i timesvis og høyrde plater i høyretelefonar i staden for å øva.

Ei plate eg særleg hugsar var ei med Cirkus Modern (trur det var Trøst).

Men dersom ein skal ta biblioteka i livet mitt føre seg kronologisk, er det nok slik:

1) Skulebiblioteket på Lid skule (som var eit par hyller i materialrommet). Innbundne årgangar av Norsk barneblad, Smørbukk og Tuss og troll.

2) Deichmannske bibliotek sin filial på Nordstrand, der eg, det året eg gjekk i 2. klasse, var svært ofte, og slukte bøker. Ein gong hadde eg funne fleire enn eg fekk lov til å låna. Men eg hugsar ikkje kva det var eg las på den tida. Av og til tok foreldra mine meg med til hovudavdelinga i sentrum. Det var stor høgtid. Hadde truleg noko med det monumentale inngangspartiet å gjera.

3) Skulebiblioteket på Sveio, som var eit heilt klasserom (knøttlite, rett nok, men dei hadde klart å stua inn ganske mykje der. Det som ikkje fekk plass i hyllene låg i øskjer på golvet). Der lånte eg kriminalromanar og modernistiske dikt. Det må ha vore der eg oppdaga Jan Erik Vold. Eg hugsar ein gong eg hadde lånt med meg heim ei bok det stod Pax på. Då blei mor mi grå i ansiktet og mumla noko om at slikt burde eg halda meg unna. Eg bør vel óg nemna «mediateket» på Sveio skule, der dei hadde Jordens folk og Mao sine samla verk på engelsk.

Las sjølvsagt ikkje Mao, men det var fascinerande å bla i dei raude, tettskrivne bøkene med bibeltynt papir, som var ei gåve frå den kinesiske ambassaden. Kva som var så spanande med Jordens folk kan vel dei fleste tenka seg til…

4) Haugesund folkebibliotek, som allerie er nemnt. (På Skeisvang vid. skule var det visstnok óg eit bibliotek, men det bleikna fullstendig samanlikna med folkebiblioteket). 5) Stavanger off. bibl. (allereie nemnt)

6) Rogaland musikkonservatoriums bibliotek (også nemnt før)

7) Biblioteket på distrikthøgskulen (som nå er blitt universitet) må ikkje gløymast. Aldri hadde eg sett så mange bøker om kunst og arkitektur på ein plass. Og ein annan ting som gjorde inntrykk, men som ikkje blei lese (med unntak av Den ny musikks filosofi, som eg ikkje forstod noko av), var Adorno sine samla verk på tysk.

8) Ølen folkebibliotek (eg jobba 4 år som organist der). Las mengder av nyare norske romanar og diktsamlingar (m.a. alt Jon Fosse hadde skrive så langt), men det som framfor alt var viktig var lesinga av tidsskrift. Eg trur eg las samtlege nummer av Samtiden, Syn og Segn, Vinduet og Vagant i perioden 1988-1992.

9) UB i Bergen si avdeling ved gamle etno-folkloristisk intitutt i Olaf Ryes v. 19. Det var der det for alvor blei fart på mi akademiske danning.

10) Eg hadde vore student ved UiB i fleire år før eg fann ut korleis ein fekk tilgang til UB (utanom det eg kunne forsyna meg sjølv med i etno-folkloristisk intitutt sine opne hyller). I dag er det særleg SV-biblioteket eg brukar aktivt, men nå har eg omsider lært meg å trykka på «Bestill»-knappen på BIBSYS, og får tak i det eg treng.

11) På Bergen off. bibliotek låner eg av og til CD-ar. 5 stk. om gongen som eg høyrer på kontoret medan eg jobbar. Nye, særleg norske, plater - for å halda meg orientert om kva «kollegaene» driv med, men også klassikarar innan alle stilartar som eg ikkje har høyrt før, som t.d. The Who, tidleg elektronisk musikk og gamal funk.

Fem favorittalbum?

Rachmaninov: Vespermesse

Jan Erik Vold/Jan Garbarek: Ingentings bjeller

Ragnar Vigdal: Tonereise

King Crimson: Larks´Tongues in Aspic

Miles Davis: Kind of Blue

Pink Floyd: Wish you were here

Gavin Bryars: Jesus Blood Never Failed me yet

Nils Henrik Asheim & Anne-Lise Berntsen: Engleskyts

Hva har du hørt på de siste dagene?
Av ting der eg sjølv er involvert: Electric Eye: Dyp tid.

Action & Tension & Space: Tellus

Andre ting: Alltid noko av Brian Eno

Undervurdert plate?
Alf Emil Eik: Joy & Breath of Ternity

En klassiker som du aldri har forstått deg på?
Bruce Springsteen

Tre favorittplatecover?
Generelt er eg veldig interessert i plateomslag. Har kanskje ingen absolutte favorittar, men dette er i alle fall tre cover (obs! Det blei visst 4!) som skil seg ut frå det vanlege:

PIL: Metal Box
Dette er ein trippel-vinyl i ein rund metallboks.

Løver og tigre: Grr
Denne vinylen vart produsert i 2000 eksemplar, der alle har litt ulike omslag som vart handmåla i løpet av ein dag. Teksten som vanlegvis er trykt på baksida av omslaget er lagt ved på eit fotokopiert maskinskrive A4-ark inni coveret.

Cloroform: Scrawl
Ein heilt ordinær plastboks til CD-en, som ligg inni ein maskinstrikka firkanta pose.

Steve Beresford, Øyvind Hellner og Håkon Lie. Konsertopptak frå Nonfigurativ musikk #29 i Tønsberg, 2017. Dette omslaget er ein serieroman (av den typen bruktbutikkane ikkje vil ha), der det midt inni boka er skore ut eit hol til den gule kassetten. Kvart eksemplar er originalt dekorert.

Samler du på plater? Hvorfor?
Ja, eg har ei ganske omfattande platesamling – mest vinyl. I tillegg til interessa for sjølve musikken, tykkjer eg dei fysiske publikasjonane er spanande, inkludert coverdesign og informasjon på omslag/teksthefte. Og så likar eg godt å studera ryggane til plateomslaga når dei står oppstilte i hyller. Eg er interessert i publikasjonskontekstar generelt både når det gjeld lyd (plater etc.) og tekst (bøker etc.).

Hva er den viktigste forskjellen fra da du begynte å samle på plater og hvordan det er nå?
Før var det viktig at eg likte platene svært godt. I dag kan eg og ha interesse av plater eg ikkje likar, fordi all musikk og alle plater kan fortolkast som del av ein historisk/sosial kontekst.

Favoritt blant fysiske platebutikker?
Samleren i Bergen, og Shabby Records i Haugesund

Sist kjøpte plate?
Electric Eye: Dyp tid

Tre plater som er på toppen av din Wantlist?
Mal Waldron: Free at last (dette er den aller første plata på ECM, frå 1970. Eg såg nettopp ei ny pressing av denne i ein butikk, men eg vil helst ha førsteutgåva)

Min Bul (Terje Rypdal Bjørnar Andresen, Espen Rud)

Karlheinz Stockhausen: Aus den sieben Tagen (7 LP-versjonen

1982: Bottlemail
Eg spelar jo sjølv på den «plata», men det finst jo berre desse 15 eksemplara, som må vera noko av det vanskelegaste som finst å oppdriva (bokstaveleg tala) av sjeldne plater.

Den beste gitarsoloen som noen gang er spilt inn?
Eg har ikkje kompetanse til å seia kva som er den beste soloen, men dette er i alle fall to favorittar:

Alltid noko med Jimi Hendrix, kansje «Voodoo Child»:

Mike Stern sin solo på «Fat time» med Miles Davis

Favorittsang på dialekt (ikke din egen dialekt)?
Tønes: «Eg går å legge meg»

Den beste tekstforfatteren/ Lyricist? (Din favoritt)
Salmediktaren Hans Adolph Brorson (1694-1764)

Favorittfilm/TV-serie?
Konsertfilmen Stop Making Sense med Talking Heads

Vinyl, CD, Kassett eller Strømming. Hva foretrekker du?
Stort sett fysiske format, men av praktiske grunnar (og latskap) blir det og ein del frå EDB-apparatet mitt

Er du en lyd freak/audiofil?
Nei. Er glad så lenge utstyret fungerer. Men når det er sagt: Eg set pris på god lyd

Hva spiller du musikk på hjemme?
Celestion høgttalarar, Technics SH-1210 MK2 platespelar, Marantz forsterkar, NAD CD-spelar

En mixtape/spotifyliste for å hylle kjærligheten, hvilke tre låter må være med?
"You belong to me", i Annie Lennox sin versjon.

Tom Roger Aadland/Grete Svensen: Broen heter kjærlighet


Det haugesundsbaserte rockebandet Akutt fekk berre gjeve ut ein singel då dei var aktive (frå 1982 til 1984)


Ein av songane (laga av gitarist Tom Roger Aadland) var «Broen heter kjærlighet».

Etter Akutt vart avvikla har samtlege medlemer (Grete Svensen, Tore Jamne, Carl Øyvind Apeland, Anders Netland, og Aadland sjølv) set spor etter seg innan alt frå frijazz til pop.

Under pandemien laga Aadland og Svensen ein ny, stillferdig versjon av «Broen» (originalen var energisk nyveiv) som vart spelt inn akustisk på Riksscenen i Oslo med Alf Christian Hvidsteen som teknikar, og eg fekk gleda av å spela trøorgel.

Sondre Bratland: Å for djup i Jesu kjærleik

Olav Stedje: Vi vandrar saman (Det mange ikkje veit er at Svein Dag Hauge laga songen (først på engelsk!) då han berre var 17 år. Meir om dette her: Slik ble låta til: «Vi vandrar saman (Eg følgjer der du går)»

Eg var 15 år då denne songen vart ein stor hit i 1981. Då hadde eg byrja å distansera meg frå «pop» og det som var «folkeleg», og interesserte meg mest for moderne jazz, progrock, klassisk og samtidsmusikk. Men i godt vaksen alder fekk eg høve til å spela med Olav i samband med musikk/humorkonseptet Finn-Erix (Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Odd-Erik Lothe).

Plata Summetonemannen er ei frukt av dette samarbeidet, og songen «Nedlagd ferjekai» (med Tekst av Tokvam og melodi av Lothe) er ein nydeleg bittersøt song om kjærleiken det ikkje vart så mykje av. Den og må vera med på denne lista.

«Nedlagd ferjekai»

Jim Reeves: I love you because

Gainsbourg: Je t´aime

En bra spilleliste du vil dele, hvorfor?
Eg brukar aldri spelelister.

Musikkbøker som du vil anbefale og hvorfor?

Brian Eno: A Year. Dette er ei dagbok som omhandlar mykje anna en musikk, mellom anna kvardagslege trivialitetar. Men eg likar å lesa slike tekstar der skiljet mellom «kunst» og «daglegliv» er utviska.

Norsk salmebok. Det meste er slitesterke tekstar/melodiar av høg kvalitet, som (meir eller mindre) er sentrale innan norsk/europeisk kultur anten ein går i kyrkja eller ikkje.

Cappelens musikkleksikon. Dette er sjølvsagt ikkje oppdatert, og det meste finn ein raskt på nettet, men eg likar å bla tilfeldig i slike oppslagsverk, og det er alltid noko gamalt nytt å oppdaga.

Eg likar og å bla i nynorskleksikonet Norsk alkunnebok, som vart utgjeven mellom 1948 og 1966.

En roman som gjorde inntrykk på deg?

Det er det mange romanar som har gjort, i ulike fasar av livet. Men nett no les eg Mordet på Henrik Ibsen av Erlend O. Nødtvedt (2021). Det lyt nemnast at han i første kapittelet skriv seg sjølv inn i romanen i rolla som litteraturformidlar ved Bergen offentlige bibliotek (ein jobb han faktisk har hatt!). Eg er dessutan stolt av å dukka opp som romanfigur (biperson, rett nok) saman med Nils Økland i den første romanen hans Vestlandet frå 2017.

Sakprosa du vil anbefale?

Pierre Bourdieu & Loic J.D. Waquant: Den kritiske ettertanke. Grunnlag for samfunnsanalyse.
Den franske sosiologen Pierre Bourdieu (1930-2002) har vore – og er framleis – svært sentral innan store deler av samfunnsvitskap og humaniora.

Dette trur eg er den første av bøkene hans som vart omsett til norsk, av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen som i dag er tilsett som professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger. Og det er tale om eit svært godt nynorsk. I ei tid der engelsk i aukande grad vert dominerande som akademisk språk, er det viktigare enn nokon gong å løfta fram gode omsetjingar til norsk.

Akademisk skriving handlar om språkleg presisjon på eit høgt nivå, og slike tekstar kan lett verta internt fagspesifikke og keisame dersom ikkje språket har litterære kvalitetar ut over det reint faglege.

Einar Økland og Jan Erik Vold sine essays (for det meste om litteratur, men begge er svært musikkinteresserte, særleg i jazz)

Avisa Dag og Tid (som kjem ut kvar fredag) inneheld alltid noko som er verdt å lesa, innan emne frå storpolitikk via kultur til matlaging og zoologi. Folkeopplysing på sitt beste.

Minneverdig øyeblikk når det gjelder musikk?
Første gongen eg høyrde Morten Mølster med Circulasione Totale Orchestra. Eg hadde aldri høyrt slikt gitarspel før. Sidan fekk eg gleda av å spela saman med han nokre gonger, i trio med folkesongaren Åsne Valland Nordli.

Elles har jo mannen bak CTO, Frode Gjerstad, gjeve meg mange minneverdige opplevingar. Verkesmda hans er ein førbiletleg kombinasjon av å knytta kontaktar med dei internasjonalt mest sentrale improvisasjonsmusikarne og å lyfta fram unge, lokale talent.

Hvilken konsertopplevelse kommer du aldri til å glemme?
King Crimson i Peer Gynt-salen, Bergen i 2003. Eldste son min og eg stod heilt framme. Gutungen var 12 år, og Adrian Belew bøygde seg ned og vinka til han då bandet gjekk av scenen.

Favorittfestival?
Spontanfestivalen, som vart gjennomført nokre få gonger i Haugesund (på slutten av 80-talet) med min gode ven og musikarkollega Nils Økland i spissen. Det var ei surrealistisk blanding av profesjonelle og amatørar, avantgarde og folkemusikk, og mykje anna.

Hvor vil du reise for å oppleve musikk?
Det kan vera omtrent kor som helst. Musikk skjer over alt dersom ein er open for litt av kvart. Men Japan er jo ein favorittstad, for min del.

Drømmejobb nå og da du var 13?
Nå: pensjonist. Som 13-åring: studiomusikar eller byplanleggar

Har du noen hobbyer eller interesser utenom musikk?
Likar godt matlaging, og vedhogst. Elles er eg svært interessert i litteratur, særleg nyare norsk skjønnlitteratur. Visuell kunst (inkl. arkitektur, foto og film) likar eg og godt, og skulle gjerne sett meg betre inn i det, og sett meir.

Hvordan tror du dine venner oppfatter din musikksmak?
Veldig samansett (og det stemmer jo!)

Er det en musikksjanger som du gjerne skulle brukt mer tid på?
Skulle gjerne kunna meir om korleis ein lagar elektronisk musikk – både analog og digital

Hvor gammel var du når du «oppdaget» musikken og hva gjorde at du ble hekta?
Eg trur dei viktigaste musikalske inntrykka er dei ein får tidleg i livet, som songen i heimen, bedehuset, kyrkja og skulen. Og – ikkje minst – musikken litt eldre slektningar og vener sa var dritbra (evt. berre drit). Noko anna som har prega folk på min alder (og eldre) er NRK-monopolet. Dermed var det avgrensa kva ein fekk høyra, og ein fekk felles referanser, men samstundes var det musikkformidling på svært høgt nivå.

Me hadde ikkje mange plater heime, men den som definitivt gjorde sterkast inntrykk på meg var Beethovens 6. symfoni («Pastorale»), dirigert av Arturo Toscanini. Omslaget på denne plata er og mellom dei klassiske (sjølv om det hyllar «dirigentgeniet» – eit fenomen eg nå er svært kritisk til).

Me hadde og ein singel med Evert Taube: «Brevet från Lillan». Den likte eg godt, særleg sidan far min og var sjømann (nett som adressaten i songen), og var lenge borte om gongen.

Den første plata eg kjøpte sjølv var What a Wonderful World med Louis Armstrong.

Elles skjedde nok «hektinga» gradvis. Eg byrja å spela klarinett då eg var 8, og gjekk etter kvart meir over til å spela piano. Læraren i musikkskulen, Dagfinn Reinertsen, var organisten i bygda, og når han oppdaga at elevane hans hadde litt talent konverterte han dei til å bli organistar. Eg byrja å jobba som organistvikar då eg var 15.

Hva slags musikk hørte du på i ungdomstiden?
Heile tida klassisk, men og – i ulike periodar – Abba, Country (særleg Johhny Cash, Don Williams og Glen Campbell), kristenrock (særleg Larry Norman). Gradvis (truleg i løpet av ungdomsskulen/vidaregåande), måtte eg sjølvsagt ta avstand frå dette og lika «avansert» musikk i staden. Men framleis tykkjer eg Abba er noko av det beste som finst av popmusikk. Og Cash og Campbell er jo og klassikarar.

Har musikksmaken din endret seg?
Ja. Då eg var yngre, og byrja å bli musikkinteressert ut over det ordinære, handla det om å innsnevra smaken, og dermed ekskludera ein masse – særleg det som var «enkelt», «folkeleg», «populært» eller «vulgært». Nå, når eg har brukt store deler av livet på å tileigna meg all slags «uvanleg» musikk (frå all verdas folkemusikk til alternative og eksperimentelle ting), har det medført at smaken har vorten utvida, også til å inkludera mykje av det eg før såg ned på.

Hvilken plate kan du fremdeles sette på når du er lei av musikk?

Ei av Brian Eno sine «ambient»-plater. Eg skreiv ein liten tekst om "Thursday Afternoon» for Bergen offentilge bibliotek for nokre år sidan: Sigbjørn Apeland anbefaler Brian Eno

Et musikalsk tiår som du ville reise til om du hadde en tidsmaskin?
1970-åra

Er du nostalgisk?
Trur ikkje det.

Er det noe du har lyst til å lære deg?
Eg skulle gjerne lært meg å reparera enkel elektronikk. Hadde og vore praktisk å lært seg eit noteskrivingsprogram. Så langt har eg berre brukt papir og blyant når eg må skriva notar.

Den best kledde musikeren?
Det har eg aldri tenkt på. Dei får kle seg korleis dei vil, for min del.

Er du forfengelig?
Håpar ikkje det!

En tatovering du vil vise?
Har ikkje denslags å visa.

Er du en maksimalist eller minimalist?
Vil helst vera minimalist, men trur kanskje ikkje eg får det heilt til...

Er du A eller B-menneske?
Noko midt i mellom. Likar best å jobba omtrent midt på dagen. Dersom eg må, kan eg og jobba veldig tidleg eller veldig seint, men prøver å unngå det.

Hvilken plante, tre eller dyr ville du bli gjenfødt som?
Sjøaure (for då kan eg oppleva både sjø, elvar og vatn)

Foto: Karelj, CC0

Favorittmat?
Eg har heldigvis ingen allergiar, matfobiar eller kosmologisk grunngjevne avgrensingar. Eg prøver å unngå fabrikkmat, og vil helst ha kortreiste og friske råvarer. Likar veldig godt å prøva mat eg ikkje har smakt før, og ting eg lett kan finna sjølv i naturen – til dømes sopp, ramsløk, østers, blåskjell og slikt som før vart kalla «ufisk».

Favorittsport?
Har drive litt med fotball og friidrett (mest sprint og lengdehopp) i oppveksten, men er ganske uinteressert nå. Vil heller bruka kroppen på fysisk arbeid eller gå ein tur. Kan framleis ha utbytte av å sjå litt fotball, men like gjerne av born som av profesjonelle.

Har du et forhold til religion?
Ja. Eg vaks opp i eit miljø som var sterkt prega av bedehuskultur og vestlandsk indremisjon. I dag har eg eit meir distansert forhold til slike miljø, men eg har alltid vore medlem av Den norske kyrkja. Eg byrja allereie i 15 års-alderen å vikariera som organist i kyrkjelege ritual som gravferd, brudlaup og gudsteneste. Eg har undervist studentar innan både kyrkjemusikk og teologi. Eg har og ein del med den den romersk-katolske kyrkja å gjera, sidan kona mi er lærar ved den katolske skulen St.Paul i Bergen, og dei tre sønene mine har vore elevar der.

Av andre religionar har eg vore mest oppteken av taoisme

Hvis det finnes en Gud, hva tror du han ville sagt til deg etter din død? Og hva skulle du ønske at han sa?
Eg håpar i alle fall eg får høyra «eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore», som er omtala i Johannes Openberring 19.6

Noe som du irriterer deg over?
Alt som luktar av «new public management» unødvendig byråkratisering og taus nedbygging av sosialdemokratiet. Dette er langt meir enn irritasjon. Eg vert politisk desillusjonert og deprimert av det.

Noe du angrer på?
At eg ikkje spurde om Gil Evans ville signera Rhodes-pianoet mitt med sprittusj over tangentane då han lånte det under konserten Stavanger jazzklubb arrangerte med bandet hans då eg var student i byen (1985-88).

Hvilket forhold har du til musikkjournalistikk? Hvor oppdaterer du deg på musikk?
Eg skriv ein del platemeldingar (mest for avisa Dag og Tid og fagtidsskriftet Folkemusikk), og dermed blir eg sjølv ein del av musikkjournalistikken. Difor får eg og tilsendt ein god del nye norske utgjevingar (mest folkemusikk, samtidsmusikk og moderne jazz). Elles prøver eg å høyra andre musikarar når eg sjølv er rundt og spelar på festivalar.

Har du noe forhold til Platebransjen?
På ein måte har eg jo det sidan eg sjølv spelar på plater rett som det er. Men det aller meste av dette er på mindre, uavhengige plateselskap, og ikkje ein del av kommersielle musikkindustrien.

Har du noen personer som har vært viktig for din musikksmak?
Tangentmann og teknikar Inge Engelsvold, som er tremenningen min. Han er nokre år eldre enn meg, og når ein er ungdom kan det ha mykje å seia kva ein får høyra av musikk hjå kjenningar som er litt eldre. Det er forresten Inge som har tatt opp deler av soloplata mi Glossolalia.

Slagverkaren Tore Jamne, som eg vart kjend med då me gjekk på musikklija ved Skeisvang vidaregående skole i Haugesund. Det var han som for alvor introduserte meg for Frank Zappa, og mykje anna.

Favorittinstrument?
Av instrument eg spelar sjølv, er det nok trøorgel

Foto: A. Nagel alias bodoklecksel CC BY-SA 3.0

Favorittprodusent?
Brian Eno

Favorittstudio?
ABC studio, som er på gamleskulen i Etne. Evt. der Audun Strype måtte finna på å rigga seg til. Og det er alltid kjekt å jobba med Eirik Hundvin (kanskje betre kjend som Pytten). I mange år dreiv han Grieghallen lydstudio...

Favorittplateselskap?
Hubro, Rune Grammofon

Hvis du skulle definere deg selv som en bil, hvilken modell er du?
Toyota HiAce. Ikkje særleg elegant, men praktisk, slitesterk og kan brukast til litt av kvart.

Foto: OSX - Own work, Public Domain

Beste/fineste sangen til en begravelse?
Eg har spelt i hundrevis av gravferder, og dermed vore borti litt av kvart, men ein favoritt som altfor sjeldan vert brukt er salmen «Den store hvite flokk å se»

Elles har eg, saman med folkesongarane Åshild Vetrhus og Solbjørg Tveiten,ƒ og jazzpianisten Andreas Ulvo laga ei heil plate som er basert på gamle gravferdssalmar:

Lån på Biblå:

Bok

Økland : Einar Øklands livsverk i samling

CD

Tellus

Bok

Jon Fosse - enkelt og djupt : om romanane og forteljingane hans

Bok

Karl Ludvig Reichelt : misjonær mellom øst og vest

CD

Hav

Bok

Mordet på Henrik Ibsen : roman

CD

Ta meg med

Di gamle songadne : folk og musikktradisjonar i Etne

Bok

Musikkfilosofiske tekster : tanker om musikk - og språk, tolkning, erfaring, tid, klang, stillhet m.m.

Bok

A year with swollen appendices : Brian Eno's diary

Bok

Det andre namnet : roman

Bedehus & Hawaii

The Light You Need Exists

CD

Skåredalen Funhouse

Bok

Future sounds : the story of electronic music from Stockhausen to Skrillex

Bok

Vestlandet : roman

CD

Different Sun

Bok

Mennesket Fartein Valen

DVD

Jimi Hendrix Experience - electric church : Atlanta Pop Festival July 4, 1970

CD

Kjølvatn

CD

Ta VARE : jazz & lyrikk 1969-2014

Bok

Norsk salmebok 2013 : for kyrkje og heim

Bok

The concise musical guide to King Crimson and Robert Fripp (1969-1984)

Bok

Derek Bailey and the story of free improvisation

1982 + B.J. Cole

CD

Sån av salve

DVD

Brian Eno : 1971-1977 the man who fell to earth

Bok

Silence : 50th Anniversary Edition

Bok

What a Wonderful World : the magic of Louis Armstrong's later years

CD

Lysøen : hommage à Ole Bull

CD

Glossolalia

CD

Joy & Breath of Eternity

CD

Grr... & live at Høvikodden

CD

Kreken

1982

CD

Symphony no 6 : Pastorale : Symphony no 2

Bok

Jon Fosse : poet på Guds jord

CD

Vokal : the complete recordings 1966-1977

CD

The Jimi Hendrix experience : electric ladyland

Bok

On some faraway beach : the life and times of Brian Eno

Bok

Kind of Blue: The Making of the Miles Davis Masterpiece

Bok

Metal box : stories from John Lydon's Public Image Limited

CD

Rosa i botnen

CD

Another day on earth

CD

Apollo : atmospheres & sountracks

Bok

God jul med Gertrude Stein : og andre essays

CD

Ambient 1 : music for airports

CD

Aux armes et cætera

Bok

Fartein Valen : vestlandspietist og modernistisk banebryter

Bok

Musikkfilosofi

CD

Jungle groove

Ballads

Bok

Dødsvariasjonar : skodespel

CD

Nearly a D

Bok

Castles made of sound : the story of Gil Evans

Bok

Bedehusbilete

CD

Scrawl

Scrawl

CD

Le cinéma de Serge Gainsbourg : musiques de films 1959-1990

CD

Echoes : the best of Pink Floyd

Bok

Morgon og kveld : roman

CD

The Jimi Hendrix Experience

Bok

Stockhausen on music : lectures and interviews

Bok

Sound figures

The Complete Works

Bok

Ein orm i eit auge : om Einar Øklands forfatterskap

CD

Vespers

Bok

Nokon kjem til å komme : skodespel

Bok

Sergei Rachmaninov : an essential guide to his life and works

CD

Elektronische musik mit tonszenen vom Freitag

Blå harding

Bok

Melancholia I : roman

CD

Mikrophone I : Mikrophone II ; Telemusik

CD

Engleskyts

CD

Gjest i verda : Utvalde songar

Bok

En sirkel is

Bok

Improvisation : its nature and practice in music

Bok

Den kritiske ettertanke : grunnlag for samfunnsanalyse

CD

Jesus' blood never failed me yet

Bok

The roaring silence : John Cage : a life

Bok

Essays i utvalg

CD

The payback

CD

Kontakte : for piano, percussion & electronic sounds

CD

Vals på Mysingen : 24 originalinspelningar från 1932-1937

Bok

Free play : improvisation in life and art

CD

Metal Box

CD

Sannheten om trikken er at den brenner

CD

Star time

Bok

Elg

The Seagulls of Kristiansund

Periodika

Vagant

Bok

Introduction to the sociology of music

CD

Accent

CD

Aus den sieben Tagen

CD

Blåmann! Blåmann!

Bok

Bedehuskulturen : bedehus og bygdeliv i Ryfylke

Bok

More dark than shark

Kjeldevatn

Brorson i Nye Farger

Trøst

CD

Thursday afternoon

Around The World In A Day

Guds nåde er nok

Universelt sjakkparti

DVD

Stop making sense

Bok

Jan Erik Volds samlede kortprosa

CD

The man with the horn

My Life In The Bush Of Ghosts

Bok

En som ser : dikt 1965-1966

Aida

Joy & Breath of Eternity

Tonereise Til Ei Gamal Samtid

Bok

Cappelens musikkleksikon. Red.

Frames (Music For An Imaginary Film)

Before and after science

One-Upmanship

The Young Persons' Guide To King Crimson

Taking Tiger Mountain

Here come the warm jets

Avant garde

Bok

Og fela ho let. Norsk spelemannstradisjon.

Gesang Der Jünglinge / Kontakte

CD

Kind of Blue

Satchmo...a musical biography of Louis Armstrong

Periodika

Vinduet

Stimmung : für 6 vokalisten

Periodika

Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙