Hva leter du etter?
Utdrag av bokforsida til Splintra av Hilde Myklebust

Fordjupingsoppgåve om Hilde Myklebust og Colleen Hoover

SPØRSMÅL: "Hei! Eg har lese to bøker som eg skal bruke til fordjupingsoppgåva mi.

Vi hadde ei felles bok i klassa som var Splintra av Hilde Myklebust. Etter dette val eg å lese Det ender med oss av Colleen Hoover, men slit med å finne problemstilling til oppgåva mi. Har de nokre tips til kva dette kan vere, og eventuelt tips til sekundærlitteratur og teori eg kan ha med i teoridelen min? Set pris på alt eg kan få!"

SVAR: Hei, og takk for spørsmål!

Fyrst av alt må eg understreke at ikkje har lese bøkene du nemner, men ut frå omtalane ser det ut til å vere interessante romanar som du kan skrive mange ulike oppgåver ut frå.

Begge bøkene handlar om kjærleik og om omveltningar i unge liv. Du kan skrive ei oppgåve med utgangspunkt i hovudpersonane Lily og Mia; kva verkemiddel nyttar forfattarane for å skildre dei to? Blir lesaren kjend med dei gjennom tankane deira, gjennom replikkane, gjennom miljøskildringane, gjennom andre personar i boka, eller på andre måtar?

Med ei slik problemstilling vil du automatisk komme inn på det som bør vere ein del av alle fordjupingsoppgåver, nemleg kva som er temaet i boka. Og sidan begge bøkene har sterke hovudpersonar som går gjennom store endringar, vil lagnaden deira fortelje deg mykje om kva boka djupast sett handlar om.

Som sagt, eg har ikkje lese bøkene. Ut frå omtalen av dei, verkar det som sorg er eit tema, i alle fall i Myklebust si bok. Eg legg ved lenker til nokre sakprosabøker om det emnet, som du kan bruke i teoridelen. Dei handlar om andre bøker, men det er òg stoff der som vil vere nyttig for deg.

Eg vonar dette hjelper deg vidare med fordjupingsoppgåva!

-Åsmund, Sølvberget

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙